Ny søgning

Opret en jobagent og få nye jobannoncer direkte i din indbakke

Få hjælp til din ansættelse fra DSR

Få hjælp her

Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette!

Sjukepleiar – kirurgisk og medisinsk post.

Fast jobb, godt samhald og ein variert kvardag – her får du alt! Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg?

Kva går jobben ut på?
 
• Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar
• Gi pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane
• Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar
• Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga
• Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta
• Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette
 
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
 
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Gode digitale ferdigheiter
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
 
Kva ser vi etter hos deg?
 
• Tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit òg når du skal be om råd
• Har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først
• Er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer
• Trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
 
Kvifor skal du velje oss
 
• Ein variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring
• Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag
• God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren
• Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben
• Tilrettelagd turnus – her får du tilbod om langvakter og ønsketurnus
 
Arbeidssted/arbeidstid

Odda sjukehus, Sjukehusvegen 10, 5750 Odda. 100 % fast stilling. Turnus med tilbod om langvakter og ønsketurnus.
Avdelinga vår har 9 sengeplassar og 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.
Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.
Send inn søknaden din – vi gler oss til å få deg med på laget!
 
Beskrivelse av arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.




Ansøg her

Retur til søgning